Mine haustdagar brukar eg til å:
- lese psykologibøker, og litt skjønnlitteratur når eg vert lei
- gå med gummistøvlar og paraply, men bli våt likevel
- gå på kafé med vener
- drikke kakao hjå nokon som byr
- hekle minitøflar som er for små til babyane dei er påtenkte til
- tenne hundrevis med stearinlys i stova og sitje under ullteppe med Eivind
- invitere kjente og ukjente på middag og latter
- kinobesøk i mørkret
- syngje i Karisma, gospelkoret eg digger over alt
- skrive kort, brev og dikt
- bake eplekake, bollar og brød og slikt som gjer kvardagen litt bedre
- tenkje at ein vil på chartertur, og derfor bestiller ferie til Mallorca
- henge med Quest, som er det kristne studentlaget eg er med i
- besøke fantastiske vener ein ikkje kunne fungert utan
- søndagsturar til menigheten, der talane er så gode at ein bli tåre-glad
- spele spel til langt på kveld
- sjå seriar på nett, som er så gode at ein plutseleg har sett alle sesongane og lyt leite etter endå fleire gode seriar
- lage avtalar kvar helg fram til oktober berre fordi det er så mykje kjekt å gjere på at ein ikkje vil velge bort noko
- sitje i sofaen og høyre på musikk medan ein skriv første blogginnlegg på nesten ein månad og vere fornøgd med det
Kan ikkje du fortelje meg kva du brukar dine haustdagar til?