I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

torsdag, juni 24, 2010

Kvifor du veit det

Du veit det fordi dagane er ljose og lange. Du veit det fordi graset er grønt, blomane mange, og fordi lufta er herleg varm. Du veit det fordi biene summar, fuglane syng og måkene skrik. Du veit det fordi du går berrføtt. Du veit det fordi det er turistar i gatene og inni butikkane og i bussane.



Du veit det fordi det er brudekjolar og slør og kyss utafor kyrkja. Du veit det fordi all verdas vossingar samlast ved softis-kiosken. Du veit det fordi det er kubæsj på stølsvegen. Du veit det fordi du har myggstikk på leggen og armane og i panna.


 

Du veit det fordi det kitlar i magen og kriblar i kroppen. Du veit det fordi du lyt køyre bak campingvogner
på veg heim. Du veit det fordi det luktar grillmat og tennvæske. Du veit det fordi skuleveska er tom for bøker, og istaden inneheld solkrem, is-te og strandmatte. Du veit det fordi du kan plukke desserten ute i hagen.

Du veit det fordi du kjenner med heile deg at den er der. Sommaren altså.
Og det er så godt! Det er berre så veldig godt at det er sommar.



Det var alt eg ville sei idag. God sommar berre. 



fredag, juni 18, 2010

Eg lagar

Elisabeth har ein fin blogg. Eg vert stum av beundring av kreativiteten hennar. Hekla baby-converse-sko, kjoler, kort og mykje anna fint er å finne på bloggen hennar her:


 For tida har Elisabeth ein giveaway, og eg formoder at premien vil vere noko riktig så fint og heimelaga, så det er nok verdt å ta ein titt berre for det.

fredag, juni 04, 2010

Vårdagar er...

...eit aldri så lite middagsselskap for gode vener.

...kos på Festningen.

...å hoppe for våren.

...ein kul fyr på besøk.


...at korpsmusikken spelar opp til ekte 17.mai-stemning.

...når Eivind stel is.

...når det er fine folk på 17.mai-fest hjå oss.

...å freiste å lage rømmegraut for anleiinga.

...at piknik-korga vert pakka med jordbær og saft. (Kvifor ete inne når graset er grønt? Frøken Dagros anm.)


...avskjedsfest for Reidun som flyttar.  

...mange smiiiil til kamera!

...gode jenter.

...mangel på sol og derav tidenes mest melkekvite bein, med nye sandalar og turkis neglelagg for å kompensere.

...mange menneske i parken.

...at bøttegrillen er tatt fram, og lammekotelettar får svi.

Kva er vårdagar for deg?