I midten av mars 2005 var eg russ i Balestrand. Eller, eg førebudde meg iallfall til det. Mars i Balestrand var sørpete bratte vegar, korturne, skulearbeid og internatliv.
I midten av mars 2006 var eg eittåring i Voss KFUK/KFUM. Mars som eittåring var planlegging av leir, korsong, London-tur og nye vener.
I mars 2007 hadde eg arbeidslaus på Voss. Mars som arbeidslaus var masse fritid, nye hobbyar og ny kjæreste som heitte Eivind.
I mars 2008 jobba eg igjen. Mars med jobbing var nye menneske, fredagsturar og nye evner.
I mars 2009 hadde eg jobba ganske lenge i barnehage. Mars som barnehageassistent var mykje utetid, besøk hjå familie, bryllaupsplanar og nye idear.
No, i mars 2010 er eg student i Trondheim. Mars som student er forkjølelse, det å vere gift, tjukke bøker, forelesingar, venekveldar og by.
Tenk korleis livet forandrar seg stadig! Mars er liksom så sørpete og grå, daglegdagse ting er så veldig daglegdagse i mars. Men er ikkje kvardagen nokså fin i grunn?
Det tykkjer eg! Iallefall idag...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar