I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

torsdag, mai 26, 2011

Hei mai!

Påsken vart feira hjå oss i Trondheim i år. Lars Olav og pappa kom opp på besøk, og me kosa oss masse med by-påske. Grilling i Korsvika, tur til botanisk hage, pinnekjøt og Mario Kart gjorde susen, og påske her freister til gjentaking. 


 Hurra for grøne tre, blomar i parken og varmare dagar! Byrjinga av mai var heilt fantastisk, og me brukte mykje av tida vår til pensumlesing, grilling og soling i parken.


17. mai blei feira svært så tradisjonelt med overdådig frukost hjå Kristina og Iselin, folketog (med stort barteinnslag), Mövenpick-is, regnbyger og fest hjå oss på kvelden. Syns Norge er så bra!


No er me midt i den travle eksamenstida, og les og søv og et for det meste. Prøver å skvise inn noko sosialt liv inn i kvardagen no og då. Me gler oss til sommarferie og nokre månader på Voss med nattbad, sauebreking, fjellturar og familie. Har begge fått flotte sommarjobbar (eg i omsorgsbolig for utviklingshemma, Eivind på Voss Kommunikasjon) og er så takknemlege for det.


Hurra!