I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

torsdag, juni 24, 2010

Kvifor du veit det

Du veit det fordi dagane er ljose og lange. Du veit det fordi graset er grønt, blomane mange, og fordi lufta er herleg varm. Du veit det fordi biene summar, fuglane syng og måkene skrik. Du veit det fordi du går berrføtt. Du veit det fordi det er turistar i gatene og inni butikkane og i bussane.



Du veit det fordi det er brudekjolar og slør og kyss utafor kyrkja. Du veit det fordi all verdas vossingar samlast ved softis-kiosken. Du veit det fordi det er kubæsj på stølsvegen. Du veit det fordi du har myggstikk på leggen og armane og i panna.


 

Du veit det fordi det kitlar i magen og kriblar i kroppen. Du veit det fordi du lyt køyre bak campingvogner
på veg heim. Du veit det fordi det luktar grillmat og tennvæske. Du veit det fordi skuleveska er tom for bøker, og istaden inneheld solkrem, is-te og strandmatte. Du veit det fordi du kan plukke desserten ute i hagen.

Du veit det fordi du kjenner med heile deg at den er der. Sommaren altså.
Og det er så godt! Det er berre så veldig godt at det er sommar.



Det var alt eg ville sei idag. God sommar berre. 



4 kommentarer:

Lina sa...

Du er god du :)

Anja Rio sa...

Ååå <3 Og du er søt du!

Hilde-Lise sa...

Æ syns og du er god:)

Hilde-Lise sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.