I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

onsdag, august 18, 2010

Dagen min

Eg eig ein heil heil dag. Ein heil heil dag som eg gjerne deler med andre. For eksempel deg. Du som les. Deg ja. No skal du høyre:

Idag sto eg opp då sola skein på nasetippen min. Eg var glad siden eg låg i ei velkjend Trondheims-heim-seng som lukta tøymykner. Eg gjorde litt husarbeid. Eivind kjøpte rundstykker. Feil type, men det gjorde ikkje noko for då kunne eg jo dra på butikken på hjørna eg og jo. Og så måtte me visst på storebutikken også. For slik er det når ein har vore vekke ein heil sommar. Eg kjøpte så mykje frukt og grønsaker at Eivind sa stopp. Då la eg tilbake ei korg med nektariner. Eg fekk blomar. Tung tung sekk på ryggen heim att. Så laga eg is. Ein usunn med sukker og ein sunnare uten. Heilt sunn var den nok ikkje. For fløyte er jo ein gong fløyte. Også laga eg pizza og me såg Midtnytt og så kom Kristina på isbesøk. Me prata og såg bryllaupsvideo og grein på nasen og lo og drakk te og åt moreller. Og så såg me den nye leilegheita hennar. Og den var fin og eg stal ein liten buskeblome som står i ei glasflaske på spisestuebordet og er fin og litt stjelt. Og så fekk eg bøker i posten forresten. Og dei skal eg lese i no. Og så skal eg sove. Tenk det. Å sove er innmari deilig det.

Iallfall i tøymykner-luktande sengetøy med ein god mann attmed seg.

2 kommentarer:

Lina sa...

Velkommen oppatt :) jeg elsker innkjøp etter en lang ferie og duftende sengetøy, mmm!

Silje Silje sa...

sv: Åjsann, ja den der er sikkert like god som eplekake! :-)