I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

mandag, januar 22, 2007

Livstegn

Når eg sitt på internett har eg faste ting eg må gjøra og faste side eg e innom. Eg logge meg først på MSN (der e da sjeldent noen på), så sjekke eg mailen min(der e da sjeldent noe anna enn reklame), so sjekke eg Blink(der har eg sjeldent verken fått b-post eller gjestebokinnlegg), så går eg innpå Uhørt(der e da sjeldent nye anmeldelsa) ogso sjekke eg bloggane til samtlige venna eg veit om (der e da sjeldent noe nytt å lesa)..

Eg merke meg at eg irritere meg øve detta.. At da sjeldent e noe nytt, meine eg. Koffø oppdatere ingen bloggane sine?! Koffø skriv ingen mail til meg?! Koffø skriv ingen i gjesteboke mi?? Men.. så gjør eg allikevel ingenting med da. Eg e kje da fnugg bedre, faktisk. Eg skriv sjelden verken blogg, mail elle gjestebokinnlegg! Eg berre irritere meg grenselaust øve at andre ikkje gjer da, også logge eg av ettepå.

Noe meir har eg ikkje på hjertet idag. Veit kje heilt ka eg ville med denna bloggen. Kanskje detta e ei oppmoding, kanskje da e eit desperat forsøk på å ve bedre enn meg sjøl.. på ein måte.. Eg veit kje.

Eg stikk og ser på Blink no trur eg :P

tirsdag, januar 16, 2007

Eg frys..

eg trur da e fordi eg sitt på eit kaldt soverom og e heilt aleina.

da e masse snø ute. verden e kvit. og kald. og dempa. litt sånn som meg igrunn.

i skrivende stund vurdere eg nokså lett å finne meg ei aller anna vaskemaskin der ute i omegnen eg kan låne til ymse vask. klesskapet mitt e begynt å bli relativt tomt. eg burde virkelig ta affære, men tippe (i og med at eg kjenne meg sjølv sånn bortimot særs godt) at da trolig blir med tanken i noken veke til.. da virke umenneskelig å dra med seg desse utallige kilo klær ut i farlig snø, glatt veg og kjølig luft. alt kan skje. merk mine ord.

da e tre fulle bruskasse inne på dette kalde soverommet eg så akk aleine sit. eg stjal ein fanta. den va ekkel. da e nok eit resultat av at den gjekk ut på dato for opp i mot eit år sio. eg merke meg at lars olav allereie har drukke to av dei.. hvilket sjølvsagt kan forklare det herpes-lignande utslettet han har opparbeida i ansiktet :P

da lukte jord i kjøleskapet. any day now vekse da vel opp noen blomstra til der inne i kompost-verdenen til pappa.. eg meine; slik det gjorde for to-tre år tilbake medan eg va vekke på internatskule og to mannemenn va overlatt til seg sjølve. ein skulle trudd da va umulig, men potene blømde og spirte som aldri før inne i dette alt for forsømde vesle kjøleskapet der pølse utgått i '98, mugg og surmelk eingong regjerte.

uff så eg frys.