I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

onsdag, februar 01, 2012

Raw jordbær-, kokos- og nektarinkake

Denne kaka laga eg for ei stund sia. Den vart knallgod og eg tenkte eg kunne legge ut oppskrifta her, så eg ikkje gløymer den heilt vekk. Tek ei stund å lage, men eg syns det er verdt det!




Botn:

3 ferske dadler

1 ss yaconsirup

1/2 ts ekte vanilje

5-6 dråper stevia (med vanilje eller toffee)

Litt himalayasalt 

1/2 ss agave 

1 ss kokosolje 

1 pk valnøtter
Nøttene bløytlegges i nokre timar og tørkes på eit håndkle e.l. Køyr i foodprosessor til det klumper seg og ha i kakeform. Sett i frysen.
Fyll:

2 dl cashewnøtter

1 pk (135) gram makadamianøtter 

1 1/2 dl kokosmjølk

1 dl vatn

4 ss kokosolje

1 ts vanilje

1 ts agave

1 ts honning (gjerne Manuka)

1/2 pk steviapulver i porsjonspakker

Litt sitronsaft

1 ts fiberhusk

1 ts lecitin 


Bløytlagde nøtter has i blender saman med dei andre ingrediensane og køyres til krem. Smak litt til søtt/surt. Ha halvparten av fyllet i ei skål og sett til sida. I resterande fyll bland inn med blender:

2-3 dl jordbær (kjem an på hvor friskt du vil ha det) 

1 nektarin
Ha fruktfyllet oppi kakeforma og sett i frysen til det blir ganske stivt. Då kan du ha på det kvite fyllet.
Topping:

1 pk stevia (kanskje litt mindre)


1 ts fiberhusk

Resten av posen med fryste jordbær
Køyr i blender og ha på stivna kake. Gjerne ikkje lenge før du tar kaka ut av frysen. Lag gjerne ein dag i forvegen, ta opp kaka om morgonen og server til ettermiddagskos :)
Har funne inspirasjon hjå knallflinke Silje som er heilt rå på kjøkenet :)