I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

fredag, august 31, 2012

Sommaren er kort...

Det meste regna bort. Men eg hugsa jo på å ta fram kameraet innimellom slik at me kan minnast at også denne sommaren hadde solskin og varme. Me byrjer med eit aldri så lite bryllaup for mi gode venninne Kelly og hennar gode mann Mats:





Eg hadde med meg min gode mann Eivind som hadde langt hår og var kjekk i dress.


Etter bryllaupet flaug me heimom Trondheim for å ha eksamenar og ete eksamensfri- og masteroppgåveferdigkake saman med Kristina og Iselin.


Samt for å slå hol i ein pinata på ein meksikansk fest som Karla hadde laga til for veldig veldig mange folk i den vesle leilegheita deira.


Mesteparten av sommaren vår tilbrakte me på Voss der syrinane blomstra og høysåtane anga i sumarnatta.


Eivind hadde sommarjobb og eg var sjåfør. Det vart nokre tidlege morgonar for min del, her illustrert ved tøfler på føtene som resultat av at ei litt småtrøytt Anja gjekk rett ut og satt seg i bilen og køyrde til Vangen utan å sjå ned på beina.


Litt ekstermsportvekekos fekk eg også tid til med mi aller beste Ingebjørg.


Og så vart det jo nokre fjellturar sidan fjella på Voss er dei beste eg veit om.


Ovanfor her kan du sjå raspekakemiddag med kjøt røyka av oss ungdomen i samarbeid med onke Lars ein regntung ettermiddag.


Og ovanfor her kan du altså sjå mi gode besta som lærer bort bakekunstar.


Eg dro ein tur til Poole der det var Lushfest og ein smule regn som biletet over fortel litt om.


Men aller mest var det veldig moro å vere der og lukte på parfymar og såper og sjå på juleproduktshow og høyre fine konsertar og danse i gjørma.


Heime på Voss rakk eg å nyte av litt dyreliv, her i form av to små revungdomar som var nysgjerrige.


Og ein liten kattunge som nettopp hadde fått auge og krafsa og klora både på handa og i hjartet mitt.


Før me så dro til Rethymnon på Kreta og gjekk rundt og utforska gamle fort i solnedgangen.


Og me fekk tid til å berre vere oss to og det var så veldig veldig fint.


Me fekk også tid til å sjå på kunst. Eivind not so impressed.


Og jammen fekk me tid til å dra til denne fjellbyen med romersk historie også.


Og me fann til og med ferskvatn. Sjølv om eg er nokså vant til fossar så er det jo alltid kjekt å sjå ein som ikkje er norsk!


Me fekk tid til å sjå på kyrkjer ute på havet saman med søte damer i hatt...


...å gå att og fram og hit og dit i tronge gater..


...å dyppe snuten i basseng og ikkje minst i salte bølger på stranda...


...og til og med kjøpe pusekort, men då var tida ute så dei brukte me mest på flyturen heim igjen.


Eg fekk ein heil halv dag saman med min beste Jon Anders i heile verda og det var så koseleg!


Eivind hjalp faren med snuing av slått i Haobakkane ein seinsommarkveld.


Og det gjorde eg óg! Og når jobben var gjort så var sommaren over for denne gong. Det er ikkje mange veker sida siste bilete vart tatt, men temperaturen har falt nokre grader sida då og ute byrjer lauva å gulne på trea, så det er vel på tide å ynskje hauste velkomen. Eg har hatt mi fyste veke på masterstudiet i Funksjonshemming og samfunn, medan Eivind har gått to veker på sitt masterstudie i Fysikk. Me er igang og ser fram til endå eit år her i fine Trondheim!