I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

torsdag, mars 25, 2010

God påske

Følg min blogg med bloglovin

Ville ønske alle ei god påske, og meddele at eg no er på bloglovin ;) Følg meg gjerne der!

fredag, mars 19, 2010

I midten av mars månad

I midten av mars 2005 var eg russ i Balestrand. Eller, eg førebudde meg iallfall til det. Mars i Balestrand var sørpete bratte vegar, korturne, skulearbeid og internatliv.

I midten av mars 2006 var eg eittåring i Voss KFUK/KFUM. Mars som eittåring var planlegging av leir, korsong, London-tur og nye vener.

I mars 2007 hadde eg arbeidslaus på Voss. Mars som arbeidslaus var masse fritid, nye hobbyar og ny kjæreste som heitte Eivind.

I mars 2008 jobba eg igjen. Mars med jobbing var nye menneske, fredagsturar og nye evner.

I mars 2009 hadde eg jobba ganske lenge i barnehage. Mars som barnehageassistent var mykje utetid, besøk hjå familie, bryllaupsplanar og nye idear.

No, i mars 2010 er eg student i Trondheim. Mars som student er forkjølelse, det å vere gift, tjukke bøker, forelesingar, venekveldar og by.

Tenk korleis livet forandrar seg stadig! Mars er liksom så sørpete og grå, daglegdagse ting er så veldig daglegdagse i mars. Men er ikkje kvardagen nokså fin i grunn?

Det tykkjer eg! Iallefall idag...

tirsdag, mars 09, 2010

Vårregn

Idag var eg på forelesning og fekk øyra proppa full av så mykje informasjon at eg fann ut at eg skulle droppe kollokvie frå 18:00 til 20:00. Eg satt meg på bussen og syntes det var så fint regn ute og fann ut at eg skulle gå litt i butikkar i sentrum. I butikkane hadde dei mykje fint, og eg kjøpte meg eit såpestykke, oljekaraflar, krydder, vaniljesukker, muffinsformar som var rosa med prikkar på, ein jordbærslikkepinne, eit rosa kubbelys og ein sjokolade. Så fann eg ut at det var nok shopping for idag og bestemte meg for å ta bussen heim att. Eg var litt usikker på kor eg skulle ta bussen ifrå, men valget falt på Nova. Eigentleg så merka eg at eg ville gå pga av det fine været, men eg enda opp på busshaldeplassen likevel.

Så sto eg der. Tykte regnet var så velsigna deilig og venta på bussen. Og der kjem han. Ikkje bussen, men Eivind. Heilt utav det blå hadde han bestemt seg for å gå heim, og jammen hadde han lagt ruta om Nova. Han fekk sjå kva som låg i posane mine, og så gjekk me i sølepyttar. Eg fekk han til å late att augo, og han fekk sjokolade. Og eg tenkte at dette var jammen flaks at eg møtte han sånn heilt tilfeldig. 

Men innerst inne tenkte eg at heilt tilfeldig var det nok ikkje...