I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

onsdag, februar 16, 2011

Dagen før avreise

Idag er dagen før avreise til Thailand. Eg har sjølvsagt ikkje byrja å pakke og føler meg tildels uførebudd. Er liksom litt i stuss på korleis ein førebur seg til ein slik tur. Har tenkt at "Oi, kanskje eg burde ha gjort deeet ja..." veldig ofte idag. Eg får ta den praktiske førebuinga no desse timane før eg legg meg, og så tar eg det mentale as we go along. Har trass alt ei lang reise foran meg. Idoform i magen, pass, flybillet, lange skjørt i sekken, og Bibel og notatbok. Vonar eg kjem eit stykke på veg med det. Dag har informert oss at me får kjøpt det meste til ein svært billeg penge i Thailand uansett.
Har vore ganske sjuk etter det eg trur var matforgiftning den siste veka, og ønskjer helst ikkje å oppleve dette igjen. Så be gjerne for det, samt at eg får masse energi og held meg glad og fornøgd. Hadde vore så fint om alt hadde gått heilt knirkefritt!
Kelly informerer om at det er 35 grader i Bangkok idag. Litt av ein temperaturforskjell frå Trondheim med sine minus 5 og iskalde vind! Kan nok leve med det.
Gler meg til solskin, smilande andlete, nærvær, vakre landskap og flotte menneske! Ønsk meg god tur då :)