I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

onsdag, februar 16, 2011

Dagen før avreise

Idag er dagen før avreise til Thailand. Eg har sjølvsagt ikkje byrja å pakke og føler meg tildels uførebudd. Er liksom litt i stuss på korleis ein førebur seg til ein slik tur. Har tenkt at "Oi, kanskje eg burde ha gjort deeet ja..." veldig ofte idag. Eg får ta den praktiske førebuinga no desse timane før eg legg meg, og så tar eg det mentale as we go along. Har trass alt ei lang reise foran meg. Idoform i magen, pass, flybillet, lange skjørt i sekken, og Bibel og notatbok. Vonar eg kjem eit stykke på veg med det. Dag har informert oss at me får kjøpt det meste til ein svært billeg penge i Thailand uansett.
Har vore ganske sjuk etter det eg trur var matforgiftning den siste veka, og ønskjer helst ikkje å oppleve dette igjen. Så be gjerne for det, samt at eg får masse energi og held meg glad og fornøgd. Hadde vore så fint om alt hadde gått heilt knirkefritt!
Kelly informerer om at det er 35 grader i Bangkok idag. Litt av ein temperaturforskjell frå Trondheim med sine minus 5 og iskalde vind! Kan nok leve med det.
Gler meg til solskin, smilande andlete, nærvær, vakre landskap og flotte menneske! Ønsk meg god tur då :)

onsdag, januar 26, 2011

Quest Goes Thailand

Som sikkert mange har fått med seg så drar eg på Outreach med Quest i midten av februar. Me vert ein gjeng på seks stykker tilsaman. Anja, Kelly, Mats og Kristina frå Quest, og Dag (lærar på bibelskule og med hjarte for Thailand) og dotter hans på 6-7. No har eg akkurat fått vite eit ca.program for opphaldet der, og har endeleg noko handfast å forhalde meg til. Det verker som om me skal få ta del i mykje bra, og eg gler meg veldig!

Me (Quest) lander i Bangkok 18. februar. Der vert me møtt av ei lokal kontakt som heiter Goi. Ho tek oss med derifrå direkte til Pattaya, som ligg søraust for Bangkok.
I Pattaya skal me ta det med ro og kvile ut nokre dagar, før me set kursen mot ein nordaustleg provins kalla Ubon Rachathani. Der ligg byen Khemmarat, som me skal ha som base den neste lille veka. Her skal me samarbeide med ei lita kyrkje med ein visjon om å nå barn og unge i dette området. Her veit me ikkje 100% kva oppgåvene våre kjem til å gå ut på, men me kjem truleg til å halde på med engelsk undervisning, lovsang, møter osb. Så me får forberede oss godt, og så snakke med dei som driv kyrkja kva dei ynskjer når me kjem dit.
Khemmarat ligg ikkje langt frå Laos, så truleg tek me oss ein tur over grensa ein dag også.
Etter dette drar me ned att til Bangkok for å møte Dag og dotter hans. Me skal delta på ei gudsteneste i Bagna Christian Fellowship, der Dag gjekk då han budde i Thailand.
Så skal me vere så heldige å få vere med på den årlege konferansen til Ethnos Asia Ministries.
"EAM's vision is to mobilize the Body of Christ worldwide for ministry to access-restricted nations in Asia. Provide training to national leaders, Bibles and Christian literature. Help meet the physical and material needs of Christians who are persecuted and in very difficault circumstances."
På denne konferansen er leiarar frå ulike undergrunnsmenigheter i 12 ulike land/regioner i Asia samla i Bangkok, for å fortelje om sin misjon, gje kvarandre støtte og oppmuntring. Me vert med for å høyre kva Gud gjer i dei ulike kyrkjene, og for å be for og oppmuntre dei ulike menighetene. Me kjem til å møte så mange flotte folk, med så mange sterke historier, at det nok vert oss som får mest att av dette.
Etter konferansen skal me til Nonthanburi provins rett nord for Bangkok, der me skal ha ein Gospel Campaign og trening for truande. Her vert me med på å ha undervisning/trening, song, og å lede møte for innbyggjarane i Nonthanburi.

Sånn kort oppsummert.
Er veldig rart å snart skal reise og faktisk vere med på alt dette! Det vert så spanande, framand og uverkeleg. Har drøymt lenge å få vere med på Outreach i akkurat Thailand, så då Dag opna for moglegheita til dette så kjende eg at eg måtte svare ja. Eg hadde vorte utruleg takknemlig for forbøn frå dekan her heime i Noreg.

 Be gjerne for:
- tida vår i Khemmarat, at me får god kontakt med dei lokale og når fram med godt budskap
- sjølve møta
- at kampanjebudsjettet for Nonthanburi skal falle på plass
- konferansen og leiarane i EAM
- dei lokale teama der nede
- maks promotering både i sjølve kampanjeomr. og i områda omkring
- at møta skal fyllast med unådde menneske
- etniske Thai
- at Jesus skal dominere alle møta og kvar dag me er der nede
- beskyttelse for oss i teamet; reise, opphald, helse, åndeleg
- for økonomisk bistand til oss som reiser

Hurra! No drar me snart!

tirsdag, januar 11, 2011

Vinter

Eg hoppar frå haust til vinter. Nyttårsføresett i år vert å skrive minst eitt blogginnlegg per månad.

Minioppsummering er som følger:

  Hausten min har vore fin og kort. Brukt mykje tid med denne flotte gjengen med Questarar.  
 
Var ei veke på Mallorca med fineste Kristina. Me duppa på flytemadrass i Middelhavet, klipte oss i Palma, gjekk i dryppsteinsgrotter og åt dessertar. 
Då me kom heim var Trondheim vakker med høstfargar.
 Snøen kom i november. Og den vart verande. (Då er det godt å tenkje på at vinteren for min del stoppar i midten av februar. Då flyg eg med ein gjeng Questarar til Thailand! Hurrasukk frå botnen av hjartet!) 

Jula var anleis men fin. Eg merka av julegåvehandlelista mi at jammen har me mykje slekt og vener. Gleda meg over det. 
Kulturhusopning på Voss = 4 kjendisar (Kari Traa, Arne Hjeltnes, Linda Eide og Lars Sponheim for særskilt interesserte) + 1 porsjon ekte vossasjølvdyrkingsstemning.  
 
 No er me komne vel heim i leilegheita i Trondheim. Eg har vore ein tur på skulen, gitt blod, fått vintermummikopp i premie, sove lang middagslur, spist masse mango. Eivind har vore på forelesning, kjøpt ny gitarforsterkar, strengar og stativ, rydda kjøkken og stove, spelt masse gitar. Me er igang med kvardagen med andre ord. 

onsdag, september 15, 2010

Haust

Eg tenkjer at hausten er så god! Eg har laga ei liste med Haustmusikk på spotify. Her har eg funne masse finfin orkester-kino-å-så-vakker-musikk som gjer at eg vert glad.



Mine haustdagar brukar eg til å:

- lese psykologibøker, og litt skjønnlitteratur når eg vert lei
- gå med gummistøvlar og paraply, men bli våt likevel
- gå på kafé med vener
- drikke kakao hjå nokon som byr
- hekle minitøflar som er for små til babyane dei er påtenkte til
- tenne hundrevis med stearinlys i stova og sitje under ullteppe med Eivind
- invitere kjente og ukjente på middag og latter
- kinobesøk i mørkret
- syngje i Karisma, gospelkoret eg digger over alt
- skrive kort, brev og dikt
- bake eplekake, bollar og brød og slikt som gjer kvardagen litt bedre
- tenkje at ein vil på chartertur, og derfor bestiller ferie til Mallorca
- henge med Quest, som er det kristne studentlaget eg er med i
- besøke fantastiske vener ein ikkje kunne fungert utan
- søndagsturar til menigheten, der talane er så gode at ein bli tåre-glad
- spele spel til langt på kveld
- sjå seriar på nett, som er så gode at ein plutseleg har sett alle sesongane og lyt leite etter endå fleire gode      seriar
- lage avtalar kvar helg fram til oktober berre fordi det er så mykje kjekt å gjere på at ein ikkje vil velge bort    noko
- sitje i sofaen og høyre på musikk medan ein skriv første blogginnlegg på nesten ein månad og vere  fornøgd med det

 


Kan ikkje du fortelje meg kva du brukar dine haustdagar til?

onsdag, august 18, 2010

Dagen min

Eg eig ein heil heil dag. Ein heil heil dag som eg gjerne deler med andre. For eksempel deg. Du som les. Deg ja. No skal du høyre:

Idag sto eg opp då sola skein på nasetippen min. Eg var glad siden eg låg i ei velkjend Trondheims-heim-seng som lukta tøymykner. Eg gjorde litt husarbeid. Eivind kjøpte rundstykker. Feil type, men det gjorde ikkje noko for då kunne eg jo dra på butikken på hjørna eg og jo. Og så måtte me visst på storebutikken også. For slik er det når ein har vore vekke ein heil sommar. Eg kjøpte så mykje frukt og grønsaker at Eivind sa stopp. Då la eg tilbake ei korg med nektariner. Eg fekk blomar. Tung tung sekk på ryggen heim att. Så laga eg is. Ein usunn med sukker og ein sunnare uten. Heilt sunn var den nok ikkje. For fløyte er jo ein gong fløyte. Også laga eg pizza og me såg Midtnytt og så kom Kristina på isbesøk. Me prata og såg bryllaupsvideo og grein på nasen og lo og drakk te og åt moreller. Og så såg me den nye leilegheita hennar. Og den var fin og eg stal ein liten buskeblome som står i ei glasflaske på spisestuebordet og er fin og litt stjelt. Og så fekk eg bøker i posten forresten. Og dei skal eg lese i no. Og så skal eg sove. Tenk det. Å sove er innmari deilig det.

Iallfall i tøymykner-luktande sengetøy med ein god mann attmed seg.

tirsdag, juli 20, 2010

Dagsbegrep

No om sommaren tykkjer eg det er så veldig vanskeleg å skilje dagane frå kvarandre. Det er riktig nok ikkje lange natta som slik dei åt heller, men merkeleg er det likevel. No har eg hatt sommarferie i seks (!) veker allereie, og når eg prøver å sjå tilbake så klarar eg ikkje heilt å sjå kor dagane vart av. Eigentleg gjer det jo ingenting. Det er i grunn slik ein sommar skal vere. Ein sommarferie-smoothie, der alle dagane er blanda saman. Ein kald vinterkveld kan ein kun hugse vage minner om kveldsbad, myggstikk, bilturar og sol.
 (Bilete av Vik. Teke i fjor, sidan eg ikkje har med ladar til kameraet)

Har hatt ein god sommar så langt i alle fall. Har du?

torsdag, juni 24, 2010

Kvifor du veit det

Du veit det fordi dagane er ljose og lange. Du veit det fordi graset er grønt, blomane mange, og fordi lufta er herleg varm. Du veit det fordi biene summar, fuglane syng og måkene skrik. Du veit det fordi du går berrføtt. Du veit det fordi det er turistar i gatene og inni butikkane og i bussane.



Du veit det fordi det er brudekjolar og slør og kyss utafor kyrkja. Du veit det fordi all verdas vossingar samlast ved softis-kiosken. Du veit det fordi det er kubæsj på stølsvegen. Du veit det fordi du har myggstikk på leggen og armane og i panna.


 

Du veit det fordi det kitlar i magen og kriblar i kroppen. Du veit det fordi du lyt køyre bak campingvogner
på veg heim. Du veit det fordi det luktar grillmat og tennvæske. Du veit det fordi skuleveska er tom for bøker, og istaden inneheld solkrem, is-te og strandmatte. Du veit det fordi du kan plukke desserten ute i hagen.

Du veit det fordi du kjenner med heile deg at den er der. Sommaren altså.
Og det er så godt! Det er berre så veldig godt at det er sommar.



Det var alt eg ville sei idag. God sommar berre.