I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

tirsdag, januar 11, 2011

Vinter

Eg hoppar frå haust til vinter. Nyttårsføresett i år vert å skrive minst eitt blogginnlegg per månad.

Minioppsummering er som følger:

  Hausten min har vore fin og kort. Brukt mykje tid med denne flotte gjengen med Questarar.  
 
Var ei veke på Mallorca med fineste Kristina. Me duppa på flytemadrass i Middelhavet, klipte oss i Palma, gjekk i dryppsteinsgrotter og åt dessertar. 
Då me kom heim var Trondheim vakker med høstfargar.
 Snøen kom i november. Og den vart verande. (Då er det godt å tenkje på at vinteren for min del stoppar i midten av februar. Då flyg eg med ein gjeng Questarar til Thailand! Hurrasukk frå botnen av hjartet!) 

Jula var anleis men fin. Eg merka av julegåvehandlelista mi at jammen har me mykje slekt og vener. Gleda meg over det. 
Kulturhusopning på Voss = 4 kjendisar (Kari Traa, Arne Hjeltnes, Linda Eide og Lars Sponheim for særskilt interesserte) + 1 porsjon ekte vossasjølvdyrkingsstemning.  
 
 No er me komne vel heim i leilegheita i Trondheim. Eg har vore ein tur på skulen, gitt blod, fått vintermummikopp i premie, sove lang middagslur, spist masse mango. Eivind har vore på forelesning, kjøpt ny gitarforsterkar, strengar og stativ, rydda kjøkken og stove, spelt masse gitar. Me er igang med kvardagen med andre ord. 

2 kommentarer:

Iselin sa...

Endeleg kom det etterlengta innlegget! Så kjekt å lesa bloggen din! Såg litt nedover på innlegga dine, og dei skillingsbollane frista veldig. Sist, men ikkje minst: Stilen din på hoppebiletet kan berre ikkje beskrivast:-p

Anja Rio sa...

Hehe.. takkar og bukkar for etterlengta lang og fin kommentar :)