I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

onsdag, august 18, 2010

Dagen min

Eg eig ein heil heil dag. Ein heil heil dag som eg gjerne deler med andre. For eksempel deg. Du som les. Deg ja. No skal du høyre:

Idag sto eg opp då sola skein på nasetippen min. Eg var glad siden eg låg i ei velkjend Trondheims-heim-seng som lukta tøymykner. Eg gjorde litt husarbeid. Eivind kjøpte rundstykker. Feil type, men det gjorde ikkje noko for då kunne eg jo dra på butikken på hjørna eg og jo. Og så måtte me visst på storebutikken også. For slik er det når ein har vore vekke ein heil sommar. Eg kjøpte så mykje frukt og grønsaker at Eivind sa stopp. Då la eg tilbake ei korg med nektariner. Eg fekk blomar. Tung tung sekk på ryggen heim att. Så laga eg is. Ein usunn med sukker og ein sunnare uten. Heilt sunn var den nok ikkje. For fløyte er jo ein gong fløyte. Også laga eg pizza og me såg Midtnytt og så kom Kristina på isbesøk. Me prata og såg bryllaupsvideo og grein på nasen og lo og drakk te og åt moreller. Og så såg me den nye leilegheita hennar. Og den var fin og eg stal ein liten buskeblome som står i ei glasflaske på spisestuebordet og er fin og litt stjelt. Og så fekk eg bøker i posten forresten. Og dei skal eg lese i no. Og så skal eg sove. Tenk det. Å sove er innmari deilig det.

Iallfall i tøymykner-luktande sengetøy med ein god mann attmed seg.

tirsdag, juli 20, 2010

Dagsbegrep

No om sommaren tykkjer eg det er så veldig vanskeleg å skilje dagane frå kvarandre. Det er riktig nok ikkje lange natta som slik dei åt heller, men merkeleg er det likevel. No har eg hatt sommarferie i seks (!) veker allereie, og når eg prøver å sjå tilbake så klarar eg ikkje heilt å sjå kor dagane vart av. Eigentleg gjer det jo ingenting. Det er i grunn slik ein sommar skal vere. Ein sommarferie-smoothie, der alle dagane er blanda saman. Ein kald vinterkveld kan ein kun hugse vage minner om kveldsbad, myggstikk, bilturar og sol.
 (Bilete av Vik. Teke i fjor, sidan eg ikkje har med ladar til kameraet)

Har hatt ein god sommar så langt i alle fall. Har du?

torsdag, juni 24, 2010

Kvifor du veit det

Du veit det fordi dagane er ljose og lange. Du veit det fordi graset er grønt, blomane mange, og fordi lufta er herleg varm. Du veit det fordi biene summar, fuglane syng og måkene skrik. Du veit det fordi du går berrføtt. Du veit det fordi det er turistar i gatene og inni butikkane og i bussane.



Du veit det fordi det er brudekjolar og slør og kyss utafor kyrkja. Du veit det fordi all verdas vossingar samlast ved softis-kiosken. Du veit det fordi det er kubæsj på stølsvegen. Du veit det fordi du har myggstikk på leggen og armane og i panna.


 

Du veit det fordi det kitlar i magen og kriblar i kroppen. Du veit det fordi du lyt køyre bak campingvogner
på veg heim. Du veit det fordi det luktar grillmat og tennvæske. Du veit det fordi skuleveska er tom for bøker, og istaden inneheld solkrem, is-te og strandmatte. Du veit det fordi du kan plukke desserten ute i hagen.

Du veit det fordi du kjenner med heile deg at den er der. Sommaren altså.
Og det er så godt! Det er berre så veldig godt at det er sommar.



Det var alt eg ville sei idag. God sommar berre. 



fredag, juni 18, 2010

Eg lagar

Elisabeth har ein fin blogg. Eg vert stum av beundring av kreativiteten hennar. Hekla baby-converse-sko, kjoler, kort og mykje anna fint er å finne på bloggen hennar her:


 For tida har Elisabeth ein giveaway, og eg formoder at premien vil vere noko riktig så fint og heimelaga, så det er nok verdt å ta ein titt berre for det.

fredag, juni 04, 2010

Vårdagar er...

...eit aldri så lite middagsselskap for gode vener.

...kos på Festningen.

...å hoppe for våren.

...ein kul fyr på besøk.


...at korpsmusikken spelar opp til ekte 17.mai-stemning.

...når Eivind stel is.

...når det er fine folk på 17.mai-fest hjå oss.

...å freiste å lage rømmegraut for anleiinga.

...at piknik-korga vert pakka med jordbær og saft. (Kvifor ete inne når graset er grønt? Frøken Dagros anm.)


...avskjedsfest for Reidun som flyttar.  

...mange smiiiil til kamera!

...gode jenter.

...mangel på sol og derav tidenes mest melkekvite bein, med nye sandalar og turkis neglelagg for å kompensere.

...mange menneske i parken.

...at bøttegrillen er tatt fram, og lammekotelettar får svi.

Kva er vårdagar for deg?


fredag, april 30, 2010

Gi bloooood

I forigårs ga eg blod. Det burde du prøve óg! Det er ikkje vondare enn ein blodprøve, du får god-kjensle (og premie, men det er ikkje så viktig for den største gleda ein kan ha det er å gjere andre glad, veit du), og du får hjelpe ved å redde liv. Kvifor ikkje? Gå inn hit då vel!

fredag, april 23, 2010

Medan eg sit

Du veit ein sånn dag der sola har varma opp soverommet ditt lenge, og du vaknar opp litt sånn rar i hovudet fordi du ikkje skjønar heilt kvar du er, du snur deg og ser at mannen din ikkje er på skulen sjølv om klokka er elleve og han skulle vore der åtte, det kjennes som om det er sundag og ikkje fredag i det heile for helga er visst igang allereie virkar det som, og når du seier "Eivind du har visst forsove deg" så mumlar mannen berre at det har han ikkje, for han skal vere heime idag og hjelpe meg med å pakke og rydde til me skal til Berkåk for det kan eg ikkje gjere aleine syns han, og du kjenner at det er veldig godt at han berre ligg ved sida av deg i senga berre.