Botn:
3 ferske dadler
1 ss yaconsirup
1/2 ts ekte vanilje
5-6 dråper stevia (med vanilje eller toffee)
Litt himalayasalt
1/2 ss agave
1 ss kokosolje
1 pk valnøtter
Nøttene bløytlegges i nokre timar og tørkes på eit håndkle e.l. Køyr i foodprosessor til det klumper seg og ha i kakeform. Sett i frysen.
Fyll:
2 dl cashewnøtter
1 pk (135) gram makadamianøtter
1 1/2 dl kokosmjølk
1 dl vatn
4 ss kokosolje
1 ts vanilje
1 ts agave
1 ts honning (gjerne Manuka)
1/2 pk steviapulver i porsjonspakker
Litt sitronsaft
1 ts fiberhusk
1 ts lecitin
Bløytlagde nøtter has i blender saman med dei andre ingrediensane og køyres til krem. Smak litt til søtt/surt. Ha halvparten av fyllet i ei skål og sett til sida. I resterande fyll bland inn med blender:
2-3 dl jordbær (kjem an på hvor friskt du vil ha det)
1 nektarin
Ha fruktfyllet oppi kakeforma og sett i frysen til det blir ganske stivt. Då kan du ha på det kvite fyllet.
Topping:
1 pk stevia (kanskje litt mindre)
1 ts fiberhusk
Resten av posen med fryste jordbær
Køyr i blender og ha på stivna kake. Gjerne ikkje lenge før du tar kaka ut av frysen. Lag gjerne ein dag i forvegen, ta opp kaka om morgonen og server til ettermiddagskos :)
Har funne inspirasjon hjå knallflinke Silje som er heilt rå på kjøkenet :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar