I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

lørdag, januar 14, 2012

Hausten vår

Eg er nok ikkje akkurat superbloggar. Men det gjer jo ingenting! For sånn i ny og ne så kjem eit sånt her langt innlegg som oppsummerer det som ein superbloggar fort kunne brukt 20-40 innlegg på å fortelje om. Heilt OK syns eg. Hausten var som følger:


Trondheimsby-dagar med Iselin i Stiftsgårdparken med nøttespising or veska og haustblomar som endå blomstra.


Eksperimentering med min nye foodprosessor/blender som resulterte i sunn sjokoladeis til frukost i kvardagen.


Eivind som satt i pysj til langt på dag og spelte TV-spel og allikevel alltid hadde tid til å smile fint til kamera.


Kakelaging som resulterte i ei kake eg har skikkelig fys på no.


Raspekakemiddagar på kjøkenet med lys på bordet ein heilt vanleg torsdag.


Eivind som kjøper blomar og lys på bordet og strikking av sjal som framleis ikkje er ferdig.


Besøk av Mats og frukost med Blunke-Eivind som er søt uansett.


"Tatt i farta"-bilete før tur i marka med vener og ein bollebit.


Iselin som konsar over langdryge ex.phil.-oppgåver saman med Eivind som er vant til meg og kameraposering.


Heilt fantastisk tur til Brønnøysund med desse fine og spretne folka.


I Brønnøysund avla dei opp megamåker som sikkert åt dunderkråkebollar til middag kvar dag og var morske og skumle.


Og me var to glade personar som såg på kunst på brygga og tok bilete av båtar og slikt som kjennes naturlig når ein leiker turist.


Og så gjekk me i trapper opp opp opp til Torghatten.


I holet i Torghatten smilte gutane...


...og eg var frk. Oppesen og kul som ein spurv...


...og utsikta var eitt i sitt slag og me måtte berre stå og sjå lenge...


...for sånt veks ikkje på tre på Buran i Trondheim kan ein såvisst seie...


Då me hadde sett oss nokonlunde mette på utsikta drog Eivind fram konkurransearka or jakkelomma og me delte oss inn i vardebyggingslag og eg og Bjørn vann suverent.


På kvelden dro me tilbake til hytta og hadde endå meir konkurranse, og pizza, laurdagsgodt og spel.


Og så køyrde me i mange timar og åt biff og køyrde endå lenger, forbi der Northug tok sine første skitak og heilt hit til Fosen der me kunne sjå Trondheim på andre sida av fjorden.


Og på denne sida av fjorden tok eg turens blinkskot av to forelska fuglar som lo.


Medan me sto der så fann me ei dame som ville ta bilete av oss og me poserte og så var turen slutt.


Ellers denne hausten hadde eg besøk av fine jenter som liker raw food og er sjukt flinke til å lage godis.


Og eg steikte lammelår for det syns eg er så godt...


...men eit lammelår er ganske så stort så då måtte me jo berre be på lag.


Så var det plutselig eksamenstid og eg skreiv bacheloroppgåve og fekk A på den og jublar endå, og så rekna eg minsanten litt statistikk og åt juleseigmenn óg.


Og jammen kom Simi på besøk saman med Kristina og det rosa auga hennar.


Eg fekk jobba masse på Lush og hadde det riktig så fint og lukta godt heile tida og var på julebord med andre fullstendig flotte Lush-jenter.


Og så fekk eg dra på spa heilt fullstendig gratis med desse jentene siden Giorgio var Hr. Spanderbukser og veldig snill.


På bursdagen min lakkerte Kristina julenegler på alle saman og me fann ut at det enklaste nok ofte er det beste.


Det var julemarknad med to fine venninner..


...og så meg då. Og så var det jo jul jo! Og dei bileta har eg ikkje på dataen, så dei får de ikkje sjå før neste haust. Eller.. eg håper eg tuller.

1 kommentar:

Iselin sa...

Eg har venta på dette. Endeleg:) For ein flott haust! Og kjempemasse grattis med bacheloren!!!!