I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

mandag, juli 04, 2011

Bomullsky

Idag er det 2 fine år sida eg og Eivind gifta oss. Bomullsbryllaup. Det har gått så veldig fort! Eg er så utruleg takknemlig for mannen min, og blir berre meir og meir glad i han. Idag er mimredagen. Sjå tilbake på bileta og tenke på talane og sommarfuglane i magen. Og så må me shoppe. Klede. Bomullsklede sjølvsagt. Mykje meir moro enn ifjor då det var papirbryllaup. Og så kjenner eg på meg at det vert noko grillmat utpå kvelden saman med Herljunga Cider (som me serverte i bryllaupet og som ikkje fell inn under Eivind sitt "eg skal aldri drikke brus meir i heile mitt liv"-løfte). Fantastisk dag. Det gjer meg så glad!








Ingen kommentarer: