Påsken vart feira hjå oss i Trondheim i år. Lars Olav og pappa kom opp på besøk, og me kosa oss masse med by-påske. Grilling i Korsvika, tur til botanisk hage, pinnekjøt og Mario Kart gjorde susen, og påske her freister til gjentaking.
Hurra for grøne tre, blomar i parken og varmare dagar! Byrjinga av mai var heilt fantastisk, og me brukte mykje av tida vår til pensumlesing, grilling og soling i parken.
17. mai blei feira svært så tradisjonelt med overdådig frukost hjå Kristina og Iselin, folketog (med stort barteinnslag), Mövenpick-is, regnbyger og fest hjå oss på kvelden. Syns Norge er så bra!
Hurra!
1 kommentar:
Hurra for sommarjobb for begge to, og ikkje minst: Nattbad, sauebreking, fjelltur og familie:)
Legg inn en kommentar