I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

lørdag, juli 06, 2013

Mitt første år som masterstudent

Plutseleg heilt ut av det blå var endå eit år gått! Og eg har ikkje blogga i heile tatt. Sett slik! Eg klandrar Instagram. Blogginnlegget denne gongen vert grunna langt fråvér ein årskavalkade av skuleåret 12/13.



Sommaren 2012 var ein av dei våtare eg kan hugse, og var fort forbi. Over kan de sjå ein lystig gjeng på kanotur i Nærøyfjorden. 


Hausten kom fort. Eg gleda meg over forloving mellom desse to fine fuglane, her på Sverigetur med Giorgios fossresor.


Me fekk endeleg helse på Martin, og lærte han opp i sykkelkultur og sykkelteljartriks.


Lushjula starta som vanleg tidleg, med superkoseleg trening ein grå haustmorgon.


Eg var ein tur på Studentersamfundet og såg på Rannveig som dansa tappert med vond fot.


Og plutseleg var det thanksgiving, som tradisjonen tru vart feira american style. Line tar her hand om kalkunen.


Eg pynta stova med ein prikkete julegris som seg hør og bør.


Og så fekk eg nytt kamera av Eivind. Over poserer eg og Kristina gladeleg foran juletreet på Torget.


Eg vart 26 og Eivind tente 3 lys på kaka for det.


Julaften vart feira på Rio med familien.


Giorgio er herved familiens fungerande handyman, og fiksa den småirriterande tyske klokko til Ida Synnøve natt til 1. juledag.


Eg kræsja husfreden på Sundve for å sjå Jon Anders aka Duckface igjen sånn bittelitt.


Også kom Kelly ein svipptur!


Nyttårsaften vart feira på Grauo med den her fine flokken med fyrverkeri.


Småblå gjensynsglede med Knut på tampen av ferien vart det også tid til.


Og så gjekk me i vinterdvale. Her representert av trøtte gjester i sofaen vår, som hadde vore litt for lenge i klorvatn på Pirbadet.


I påska reiste me til Voss igjen, og tok blant anna ein tur til Dale med tanteungar og svigerfamilien.


Og så gravde/kavde me oss ein tur til ei hytta på ein haug. "Maskinene" Marit og Eivind var vel kanskje mest ivrige nå det gjaldt gravinga.


Eirik var også med. Men han og eg gjorde sjølvsagt andre viktigare ting enn snømåking. Smelta vatn for eksempel.


Over kan de sjå bakhovudet til Åsmund og ein heil masse pølser og pinnebrød. 


Den årlege påskeeggjakta fant stad, og eg fann mitt egg i ein busk ute i hagen på Rekve.


Så var det tid for ein god dose kos og pepp på Lund!


Me gjorde unna nokre eksamenar i Trondheim, og returnerte til Voss for å få med oss at denne flotte jenta konfirmerte seg i maisnøen.



Så var det tid for ungkarskvinnefest (bachelorette party) for mi nydelege bestevenninne Iselin. Her er ho ganske så gira og har nettopp flydd i vindmaskin.


Etter isbading, flyging, turistaktiviteter, gårdsprøve og spa, avslutta me dagen med pizza og prating.


Tilbake i Trondheim sto me ei lita stund under Elgseterbrua saman med denne kule tulle-Sirien.


Og så feira me litt 17-mai med solbriller på.


Me dro på Fairytale Cupcakes for glasuren si skuld, og Siri og Rannveig var festfine med ei reke til overs.


17-mai vart avslutta med grilling i Korsvika i skumringa.


Og så var plutseleg eksamenane over og sommaren var her att. Det er slett ikkje så ille å vere masterstudent igrunn!

3 kommentarer:

Kristin sa...

ÅåÅh.. Eg sjekka faktisk bloggen din her om dagen og tenkte at eg er ekstremt optimistisk når eg sjekker ein blogg nesten eit år etter forrige innlegg. Men jippi og hurra for nytt innlegg :)

Anja Rio sa...

Hehe! Ja det var vel sånn ca på tide med eit nytt innlegg fann eg ut :P

Iselin sa...

Koselig årskavalkade! Overraskinga var stor då eg endeleg såg eit nytt innlegg. Herlig:)