I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

tirsdag, januar 16, 2007

Eg frys..

eg trur da e fordi eg sitt på eit kaldt soverom og e heilt aleina.

da e masse snø ute. verden e kvit. og kald. og dempa. litt sånn som meg igrunn.

i skrivende stund vurdere eg nokså lett å finne meg ei aller anna vaskemaskin der ute i omegnen eg kan låne til ymse vask. klesskapet mitt e begynt å bli relativt tomt. eg burde virkelig ta affære, men tippe (i og med at eg kjenne meg sjølv sånn bortimot særs godt) at da trolig blir med tanken i noken veke til.. da virke umenneskelig å dra med seg desse utallige kilo klær ut i farlig snø, glatt veg og kjølig luft. alt kan skje. merk mine ord.

da e tre fulle bruskasse inne på dette kalde soverommet eg så akk aleine sit. eg stjal ein fanta. den va ekkel. da e nok eit resultat av at den gjekk ut på dato for opp i mot eit år sio. eg merke meg at lars olav allereie har drukke to av dei.. hvilket sjølvsagt kan forklare det herpes-lignande utslettet han har opparbeida i ansiktet :P

da lukte jord i kjøleskapet. any day now vekse da vel opp noen blomstra til der inne i kompost-verdenen til pappa.. eg meine; slik det gjorde for to-tre år tilbake medan eg va vekke på internatskule og to mannemenn va overlatt til seg sjølve. ein skulle trudd da va umulig, men potene blømde og spirte som aldri før inne i dette alt for forsømde vesle kjøleskapet der pølse utgått i '98, mugg og surmelk eingong regjerte.

uff så eg frys.

Ingen kommentarer: