I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

tirsdag, august 30, 2011

Ein, to, tre, hallo!

I sommar har me jobba, jobba, jobba. Men jammen har me gjort andre ting også. Sånn ca sånn her såg sommaren vår ut innimellom.

Oslotur der me var med Jon Anders som var hr. Flink og dansa og var med oss på museum og sjåpping.

  
  
Me reiste heim til Voss og feira to år som gift med grilling og pæresider på fjellet.


Eivind var hr. Kokk og serverte biff.


Kveldsbad er det beste om sommaren. Helst på fjellet når sola akkurat skal til å gå ned. Eg bada heile tida. Eivind bada her:


Blåtur med familie og is, grill, kultur og bad.


Fine Kelly kom på besøk og me såg på jettegryter i tøysko. Og så bada me i regnet og dro på overraskelsesbesøk med pappa sine klede på.


Ingebjørg er fin og fekk besøk av meg i feriehuset deira i Hardanger. Det var eit sånt bestemorhus med leppestift på lampane og roser i hagen og hundre tekoppar.


Me var på museum og høyrte på hardingfele og såg på gamle hus og var redde for mus.


Sånn ca her er favorittstaden min. Helgaset med med kvite bjøllesauer, myrull, gras og klare, reine fargar.


Sånn ca han her er favorittmannen min med krøllar, mjuk panne og varme klemmar.


På Voss var det minikattar som ville liggje i fanget av og til, men aller helst sprette hit og dit og på ein kvist.


Så var det sommar i Trondheim med bringebærsjokoladekake og Siri som er ein lurifax.


Og 5000 "Tru, håp og kjærleik"-posar som skulle pakkast.


Me gjekk turar til for eksempel Korsvika der eg hoppa opp og ned og landa sånn her:


Me var solbrillefine og smilte på tusen bilete som ikkje blei fine og så tok me dette:


Og så var me i botanisk hage og såg på blomane som song på siste verset og på ein brun andungdom som dreiv med dykkertrening og som klødde seg på magen med føtene i veret. Og eg lo for den var så morsom.


 Og plutselig hadde Eivind hatt to eksamenar og så var me tilbake på skulebenken. Eg skal skrive mi
bacheloroppgåve i haust og håper den skal handle om død og sorg og vere fenomenologisk og det får eg vite om nokon dagar.