I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

fredag, desember 13, 2013

Det siste halvåret

Det er sein Lucianatt, og eg er framleis vaken. Då stormen Ivar herja som verst ikveld sovna eg nemleg på sofaen. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko tenkjer ein gjerne då, og tek til å skrive blogginnlegg på den forsmådde bloggen sin. Dette blogginnlegget vert tradisjon tru ein oppsummering av dei siste månadane som har gått. 


Sommaren starta med brask og bram og bryllaupsfeiring mellom dei to fine fuglane våre Iselin og Giorgio. Eg var forlovar, og dermed vart bileta tatt raskt og ukonsentrert. Dette kan ein til dømes sjå resultatet av i biletet over.


Iselin var heilt slåande nydeleg som brur, og dette måtte ein jo grine ein ekstra nostalgisk skvett for. Eg er så glad for alle minna me har delt gjennom vårt lange venskap!


Dagen etter bryllaupet var det restefest på Rio. Eg fekk verte betre kjent med familien Kufoalor, og me brukte rundt fem timar på å flette hår og synge songar med både engelsk, ghanesisk og norsk opphav. Ei god fletteøkt bør alltid avsluttast med eit riktig godt oppkok har eg no alltid meint. Dette tykkjer tydelegvis jentene over også.


Eg og Eivind vart ekstra godt kjende med lamma i sommar, og tok oss mang ein tur til Dalasteigen der sauene beitte før dei skulle til fjells.


Hesjing, snuing og høying vart det også ein heil del av. Var det godvær la me inn ein ekstra innsats, og så visste me det vanka tress-is i hagen etterpå.


Torstein og Eivind er kjappare enn fjellgeiter, medan eg heng litt etter...


...opp på Dalasteigen igjen for å gje litt kos og mat til flaskelamma.


Sjølv om eg sleit mykje med senebetennelse i foten, så fekk me heldigvis tatt oss nokre turar i fjellet også. Her er eg på ein søndagsvisitt til Hanselavatnet i striregn.


Eivind reiste opp til Trondheim for sin sommarjobb på NTNU, og eg fekk tid til Bergensbesøk og etterlengta Kellytid.


Eg fekk også tid til eit Oslobesøk til verdas beste vertinne Ingebjørg. Over er ho vakker som alltid, og klar for ein heilaftan ute.


Hovedgrunnen for Oslobesøket var at godeste Jon Anders og gruppa hans Queentastic hadde premiere på showet sitt på Chat Noir. Her er me backstage og prøver parykkar.


Eg tok toget til Trondheim for å jobba ei veke på Lush.


Så tok eg Eivind med meg tilbake til fjella på Voss for å sole bleike nasetippar og sjå etter sauar.


Sauar fann me, spreidd litt utover både på Kvitla og andre stader.


Dei kom når dei såg me hadde reint mjøl i posen.


Eivind var joggepus med venene hans.


Eg og Barbro var stølspusar og hadde maten klar til dei sveitte konkurransedrevne gutane. Vinnaren fekk mat først.


Voss slo til med sommarvær, og medan eg låg i hagen på Rekve og sola meg så tok Eivind dette biletet frå Hanguren.


Når eg først går fjelltur gjer eg det gjerne med stil. Her iført sommarkjole og joggesko poserande foran ein fjellskrent.


Opp kjem ein med sommarkjole også!


Me rakk akkurat eit friskt bad i smeltevatn før tordenværet smelte til over oss, og me laut springe ned att søkkvåte og (dette gjeld vel mest for underteikna) hylande.


Eg rakk også på å dra ein tur til Jurrasic Park aka Bordalsgjelet.


Og i vekas andre tordenvær så gifta desse glade folka seg med kvarandre (minus ho lure i midten).


Konkurranseløp frå Rjoavegaskiftet opp til Litrane, der eg var følgebil og fotograf.


Eivind og eg hadde nokre nydelege dagar på stølen på Helgaset, der eg naut av den finaste oppvaskutsikta eg veit.


Her las me bøker, vassa i bekken, spelte 3DS, snekra litt og naut slaraffenlivet i florsruinane (som illustrert over) før me dro tilbake til Trondheim att.


Eg og Iselin søkte medlemskap i "Bymarkens vindus venner". Ivrige som alltid.


Blåbærturen i Bymarka endte ikkje som forventa, sidan blåbærtuene var sørgjeleg tomme. Me støytte likevel på ein ripsbusk i skogen, som me plukka flittig.


Nistepause med vaflar og syltetøy.


Så var det haust og studentane kom til byen. Marit har kome til Trondheim, og me feira med Risk-kveld. Eirik er god tapar.


Me gjekk ein tur til Våttåkammen, og Eivind poserer med Munkholmen i bakgrunnen.


Her smiler me på toppen av Geitfjellet. Ein litt raudare enn den andre, uvisst kvifor.


Plutseleg var det sommar og nesten 30 grader att, mykje fordi me flaug til Karlsruhe i Tyskland. Her møtte me Kelly og såg litt på slott.


Me fann ut at det var ein god idé å gå opp nokre hundre trappetrinn i varmen for å sjå på utsikta. Etterpå fekk eg brus og så shoppa me på Primark.


Og så skjedde det me kom for: to fantastiske folk til sa ja til kvarandre. Kristina og Martin var nydelege og gira på ein og same gong.


Bryllaupet var sjølvsagt fantastisk, og brurepar og gjester likeså.


Gjennomtenkte detaljar som raude hattar, Zorromasker og fjørboaer satt liksom ein ekstra piff på festen.


Etterkvart dukka det vikingar opp som viste korleis ein fiskar ut av ei bøtte, og det var det.


I Heidelberg fann eg eit godterihus og blei glad.


Eivind hoppa i gatene og var ganske så pepp han også.


Me hadde fått beskjed om at me skulle sjå etter japanske turistar for å finne turistmåla. Den strategien funka fett, og her står altså eg midt i smørøyet og poserer på ei bru.


Me naut Tysklandslivet til det fulle, og vandra i gatene, såg på utstillingar og høyrte på orgelkonsert.


Eg forelska meg i tyske bretzels, og vart riktig så fornøyd av det.


Me vandra oppover mot gamle slott.


Når me nådde toppen så gjekk me ned att, åt god tysk mat, kjøpte gelato og tusla tilbake til toget som tok oss tilbake til Karlsruhe.


Eg følte meg ikkje heilt ferdig med shoppinga, så me tok oss endå ein runde i byen. Med i kofferten heim låg det blant anna to par nye joggesko, ein heil masse klede frå Primark og sjølvsagt digge tyske julekaker. Over smiler eg blidt fordi eg fann ein tysk Lushbutikk.


Eivind fann ein tysk pyramide, og syntest det var riktig så kult det også.


 Siste dagen i Karlsruhe vart brukt til gøy i dyrehagen. Eivind hadde det ekstra kjekt, og tok ein heil masse bilete. Dette var likevel favoritten hans.


I Trondheim byrja lauva å verte gule og raude...


...og plutseleg var tida inne for tidenes besøk. Besta tok fly for fyrste gong i sitt 88 år gamle liv, og over har ho finhatten på saman med pappa og Eivind foran Nidarosdomen.


Me var turistar i eigen by, og kosa oss verkeleg glugg i hel med den eine fine dagen etter den andre.


Så kom førjulstida, og me bestemte oss for bakehelg i slutten av november. Barbro naut nøttehakking...


Iselin hadde full kontroll på svenske pepparkaker...


Kristina kjørte på med brune pinner...


Og me laga rett og slett uhorvelege mengder julekaker.


Vinteren kom og me hang opp julestjerna i vindauget.


Medan snøen ramla ned utanfor tende me i peisen, tok med dyna ut i stova og såg på langrenn ilag. 


Og så var det plutseleg desember og adventsmiddag med fine vossingar.

Syns eigentleg me har eit riktig så fint halvår bak oss. No er eg snart klar for juleferie på Voss, men før den tid skal det feirast bursdag og takast muntleg eksamen. Hurra!