I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

onsdag, september 15, 2010

Haust

Eg tenkjer at hausten er så god! Eg har laga ei liste med Haustmusikk på spotify. Her har eg funne masse finfin orkester-kino-å-så-vakker-musikk som gjer at eg vert glad.



Mine haustdagar brukar eg til å:

- lese psykologibøker, og litt skjønnlitteratur når eg vert lei
- gå med gummistøvlar og paraply, men bli våt likevel
- gå på kafé med vener
- drikke kakao hjå nokon som byr
- hekle minitøflar som er for små til babyane dei er påtenkte til
- tenne hundrevis med stearinlys i stova og sitje under ullteppe med Eivind
- invitere kjente og ukjente på middag og latter
- kinobesøk i mørkret
- syngje i Karisma, gospelkoret eg digger over alt
- skrive kort, brev og dikt
- bake eplekake, bollar og brød og slikt som gjer kvardagen litt bedre
- tenkje at ein vil på chartertur, og derfor bestiller ferie til Mallorca
- henge med Quest, som er det kristne studentlaget eg er med i
- besøke fantastiske vener ein ikkje kunne fungert utan
- søndagsturar til menigheten, der talane er så gode at ein bli tåre-glad
- spele spel til langt på kveld
- sjå seriar på nett, som er så gode at ein plutseleg har sett alle sesongane og lyt leite etter endå fleire gode      seriar
- lage avtalar kvar helg fram til oktober berre fordi det er så mykje kjekt å gjere på at ein ikkje vil velge bort    noko
- sitje i sofaen og høyre på musikk medan ein skriv første blogginnlegg på nesten ein månad og vere  fornøgd med det

 


Kan ikkje du fortelje meg kva du brukar dine haustdagar til?

onsdag, august 18, 2010

Dagen min

Eg eig ein heil heil dag. Ein heil heil dag som eg gjerne deler med andre. For eksempel deg. Du som les. Deg ja. No skal du høyre:

Idag sto eg opp då sola skein på nasetippen min. Eg var glad siden eg låg i ei velkjend Trondheims-heim-seng som lukta tøymykner. Eg gjorde litt husarbeid. Eivind kjøpte rundstykker. Feil type, men det gjorde ikkje noko for då kunne eg jo dra på butikken på hjørna eg og jo. Og så måtte me visst på storebutikken også. For slik er det når ein har vore vekke ein heil sommar. Eg kjøpte så mykje frukt og grønsaker at Eivind sa stopp. Då la eg tilbake ei korg med nektariner. Eg fekk blomar. Tung tung sekk på ryggen heim att. Så laga eg is. Ein usunn med sukker og ein sunnare uten. Heilt sunn var den nok ikkje. For fløyte er jo ein gong fløyte. Også laga eg pizza og me såg Midtnytt og så kom Kristina på isbesøk. Me prata og såg bryllaupsvideo og grein på nasen og lo og drakk te og åt moreller. Og så såg me den nye leilegheita hennar. Og den var fin og eg stal ein liten buskeblome som står i ei glasflaske på spisestuebordet og er fin og litt stjelt. Og så fekk eg bøker i posten forresten. Og dei skal eg lese i no. Og så skal eg sove. Tenk det. Å sove er innmari deilig det.

Iallfall i tøymykner-luktande sengetøy med ein god mann attmed seg.

tirsdag, juli 20, 2010

Dagsbegrep

No om sommaren tykkjer eg det er så veldig vanskeleg å skilje dagane frå kvarandre. Det er riktig nok ikkje lange natta som slik dei åt heller, men merkeleg er det likevel. No har eg hatt sommarferie i seks (!) veker allereie, og når eg prøver å sjå tilbake så klarar eg ikkje heilt å sjå kor dagane vart av. Eigentleg gjer det jo ingenting. Det er i grunn slik ein sommar skal vere. Ein sommarferie-smoothie, der alle dagane er blanda saman. Ein kald vinterkveld kan ein kun hugse vage minner om kveldsbad, myggstikk, bilturar og sol.
 (Bilete av Vik. Teke i fjor, sidan eg ikkje har med ladar til kameraet)

Har hatt ein god sommar så langt i alle fall. Har du?

torsdag, juni 24, 2010

Kvifor du veit det

Du veit det fordi dagane er ljose og lange. Du veit det fordi graset er grønt, blomane mange, og fordi lufta er herleg varm. Du veit det fordi biene summar, fuglane syng og måkene skrik. Du veit det fordi du går berrføtt. Du veit det fordi det er turistar i gatene og inni butikkane og i bussane.



Du veit det fordi det er brudekjolar og slør og kyss utafor kyrkja. Du veit det fordi all verdas vossingar samlast ved softis-kiosken. Du veit det fordi det er kubæsj på stølsvegen. Du veit det fordi du har myggstikk på leggen og armane og i panna.


 

Du veit det fordi det kitlar i magen og kriblar i kroppen. Du veit det fordi du lyt køyre bak campingvogner
på veg heim. Du veit det fordi det luktar grillmat og tennvæske. Du veit det fordi skuleveska er tom for bøker, og istaden inneheld solkrem, is-te og strandmatte. Du veit det fordi du kan plukke desserten ute i hagen.

Du veit det fordi du kjenner med heile deg at den er der. Sommaren altså.
Og det er så godt! Det er berre så veldig godt at det er sommar.



Det var alt eg ville sei idag. God sommar berre. 



fredag, juni 18, 2010

Eg lagar

Elisabeth har ein fin blogg. Eg vert stum av beundring av kreativiteten hennar. Hekla baby-converse-sko, kjoler, kort og mykje anna fint er å finne på bloggen hennar her:


 For tida har Elisabeth ein giveaway, og eg formoder at premien vil vere noko riktig så fint og heimelaga, så det er nok verdt å ta ein titt berre for det.

fredag, juni 04, 2010

Vårdagar er...

...eit aldri så lite middagsselskap for gode vener.

...kos på Festningen.

...å hoppe for våren.

...ein kul fyr på besøk.


...at korpsmusikken spelar opp til ekte 17.mai-stemning.

...når Eivind stel is.

...når det er fine folk på 17.mai-fest hjå oss.

...å freiste å lage rømmegraut for anleiinga.

...at piknik-korga vert pakka med jordbær og saft. (Kvifor ete inne når graset er grønt? Frøken Dagros anm.)


...avskjedsfest for Reidun som flyttar.  

...mange smiiiil til kamera!

...gode jenter.

...mangel på sol og derav tidenes mest melkekvite bein, med nye sandalar og turkis neglelagg for å kompensere.

...mange menneske i parken.

...at bøttegrillen er tatt fram, og lammekotelettar får svi.

Kva er vårdagar for deg?


fredag, april 30, 2010

Gi bloooood

I forigårs ga eg blod. Det burde du prøve óg! Det er ikkje vondare enn ein blodprøve, du får god-kjensle (og premie, men det er ikkje så viktig for den største gleda ein kan ha det er å gjere andre glad, veit du), og du får hjelpe ved å redde liv. Kvifor ikkje? Gå inn hit då vel!

fredag, april 23, 2010

Medan eg sit

Du veit ein sånn dag der sola har varma opp soverommet ditt lenge, og du vaknar opp litt sånn rar i hovudet fordi du ikkje skjønar heilt kvar du er, du snur deg og ser at mannen din ikkje er på skulen sjølv om klokka er elleve og han skulle vore der åtte, det kjennes som om det er sundag og ikkje fredag i det heile for helga er visst igang allereie virkar det som, og når du seier "Eivind du har visst forsove deg" så mumlar mannen berre at det har han ikkje, for han skal vere heime idag og hjelpe meg med å pakke og rydde til me skal til Berkåk for det kan eg ikkje gjere aleine syns han, og du kjenner at det er veldig godt at han berre ligg ved sida av deg i senga berre.

torsdag, mars 25, 2010

God påske

Følg min blogg med bloglovin

Ville ønske alle ei god påske, og meddele at eg no er på bloglovin ;) Følg meg gjerne der!

fredag, mars 19, 2010

I midten av mars månad

I midten av mars 2005 var eg russ i Balestrand. Eller, eg førebudde meg iallfall til det. Mars i Balestrand var sørpete bratte vegar, korturne, skulearbeid og internatliv.

I midten av mars 2006 var eg eittåring i Voss KFUK/KFUM. Mars som eittåring var planlegging av leir, korsong, London-tur og nye vener.

I mars 2007 hadde eg arbeidslaus på Voss. Mars som arbeidslaus var masse fritid, nye hobbyar og ny kjæreste som heitte Eivind.

I mars 2008 jobba eg igjen. Mars med jobbing var nye menneske, fredagsturar og nye evner.

I mars 2009 hadde eg jobba ganske lenge i barnehage. Mars som barnehageassistent var mykje utetid, besøk hjå familie, bryllaupsplanar og nye idear.

No, i mars 2010 er eg student i Trondheim. Mars som student er forkjølelse, det å vere gift, tjukke bøker, forelesingar, venekveldar og by.

Tenk korleis livet forandrar seg stadig! Mars er liksom så sørpete og grå, daglegdagse ting er så veldig daglegdagse i mars. Men er ikkje kvardagen nokså fin i grunn?

Det tykkjer eg! Iallefall idag...

tirsdag, mars 09, 2010

Vårregn

Idag var eg på forelesning og fekk øyra proppa full av så mykje informasjon at eg fann ut at eg skulle droppe kollokvie frå 18:00 til 20:00. Eg satt meg på bussen og syntes det var så fint regn ute og fann ut at eg skulle gå litt i butikkar i sentrum. I butikkane hadde dei mykje fint, og eg kjøpte meg eit såpestykke, oljekaraflar, krydder, vaniljesukker, muffinsformar som var rosa med prikkar på, ein jordbærslikkepinne, eit rosa kubbelys og ein sjokolade. Så fann eg ut at det var nok shopping for idag og bestemte meg for å ta bussen heim att. Eg var litt usikker på kor eg skulle ta bussen ifrå, men valget falt på Nova. Eigentleg så merka eg at eg ville gå pga av det fine været, men eg enda opp på busshaldeplassen likevel.

Så sto eg der. Tykte regnet var så velsigna deilig og venta på bussen. Og der kjem han. Ikkje bussen, men Eivind. Heilt utav det blå hadde han bestemt seg for å gå heim, og jammen hadde han lagt ruta om Nova. Han fekk sjå kva som låg i posane mine, og så gjekk me i sølepyttar. Eg fekk han til å late att augo, og han fekk sjokolade. Og eg tenkte at dette var jammen flaks at eg møtte han sånn heilt tilfeldig. 

Men innerst inne tenkte eg at heilt tilfeldig var det nok ikkje...

søndag, februar 21, 2010

Søndag

Eg klare kje bestemma meg fø om eg elske søndaga elle ikkje. Altso. Søndaga har seine frukosta, menighet, tura og gode middaga. Og alt da e vel og bra i mine auge. Men... søndaga e også den siste dagen i helga. Hvilket betyr at eg allerede begynne å grua meg til mandag. Plutselig må eg begynne å forberede meg til skulen, og plutselig føles da ikkje ut so da e helg lenger i da heile tatt. Merkelige søndaga...

Nei takke meg til sommarferie. Kvar dag e ein søndag med jordbær og sukker på. Eg e så veldig lei av at da e så kaldt ute at ein nesten berre kan ve inne. Eg veit eg syt og sånn. Derfor blir da denne gongen ei liste over herlege vintersysler. Med snø på.

Vinterdagstips:

  • Skitur. Funke best med bål, appelsiner og kakao.
  • Spelekveld. Funke best med venne og brus.
  • Bolla. Funke best med sukker og kanel i svingane.
  • Mate ender. Funke best med gammalt brød.
  • Badeland. Funke mest med badedrakt på.
  • Kino. Funke best med popcorn.
  • Eivind. Funke best slik som han e.

Har du noen vintedagstips?


mandag, februar 01, 2010

Æsj

Eg drømme om vår og sommar. Fordi eg kvar januar blir like øverraska øve kor høgt eg hate vinter. I desember trur eg eg elske da. Eg syns snøen e vakker og kulden koselig. Men så kjem januar. Julelysene blir tatt vekk og kvardagen slår meg hardt i magen. Kulde e ein ufyselig ting. Eg bruke ikkje ordet ufyselig så ofte. Men no va da på sin plass. Da meine eg. Eg hate å måtte kle på meg boblejakke, gå ut, fø så å finne ut at eg frys uansett. Eg hate at kulden bit meg i fjeset, og at da vett mørkt før eg syns da e passande. Eg hate naglabet, snørr, forfrosne bein og brun ekkel snø.

Kvar januar kjem eg på vinterhatet mitt. Kvar januar byrjar eg å tenke mot sommar. Eg leiter rundt på nettet etter bilde å drømme meg vekk i. Eg dett inn i den verdenen der lufta lukte noe anna enn eksos og evt. litt frityrolje frå Buran Storkiosk. Der verden består av fleire fargar enn kvitt, brunt og grått.

Dette bildet er tatt klokko halv tolv. Datoen e 4. juli 2009. Bryllupsdagen vår. Temperaturen e 22 grade. 22 grade!! Eg minnast ein herleg altfor varm dag. Sånt lengte eg ette.



Men, veit du ka? Da e faktisk februar no :)

torsdag, januar 14, 2010

Søte ting

  • lakksko
  • kremtoppar
  • magi
  • Edvard Saksehånd
  • blomstereng
  • såpeboble
  • bryllupskake
  • minipusa
  • barnelatter
  • sukkerspinn og tivoli
  • gamle ektepar som held hender
  • frokost
  • dundyner
  • svak parfyme
  • sommerregn-lukt på asfalten
  • Paris


Ka syns du e søtt?

lørdag, januar 09, 2010

Last couple of weeks

Jule gjekk så veldig fort. Konstant full mage, glitrande julefesta, evigmange besøk og masse folk eg ikkje har sett på lenge. Overvelmande og kjekt. Og slitsomt. Eg e heilt utslitt. Eg tør ikkje heilt tenka på korleis da blir til påske når desse besøka skal komprimerast ned til ei veke :O

Men no starte kvardagen igjen. Og eg like den tanken i grunn. Hamstra grønnsaker og frukt på Rema og ser med lyserosa solbrille på korleis denna vinteren skal bli. HEILT annerledes, selvfølgelig. Pliktoppfyllende student, treningsnarkoman og sunnhetsfreak. O jeeees. Problemet mitt i denne planen e kun da faktum at prsonligheten min liksom kollidere litt med denna tanken. Så istedet så har eg funne ut at nyttårsforesettene mine innen matvaner for 2010 e:
1. Spise sunn frokost kvar dag.
2. Spise fisk kvar mandag.
3. Prøve ei ny oppskrift for veka.

Ja også selvfølgelig kun spise gulrøtter resten av tida XD Hahaha. I crack me up.