I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

onsdag, januar 26, 2011

Quest Goes Thailand

Som sikkert mange har fått med seg så drar eg på Outreach med Quest i midten av februar. Me vert ein gjeng på seks stykker tilsaman. Anja, Kelly, Mats og Kristina frå Quest, og Dag (lærar på bibelskule og med hjarte for Thailand) og dotter hans på 6-7. No har eg akkurat fått vite eit ca.program for opphaldet der, og har endeleg noko handfast å forhalde meg til. Det verker som om me skal få ta del i mykje bra, og eg gler meg veldig!

Me (Quest) lander i Bangkok 18. februar. Der vert me møtt av ei lokal kontakt som heiter Goi. Ho tek oss med derifrå direkte til Pattaya, som ligg søraust for Bangkok.
I Pattaya skal me ta det med ro og kvile ut nokre dagar, før me set kursen mot ein nordaustleg provins kalla Ubon Rachathani. Der ligg byen Khemmarat, som me skal ha som base den neste lille veka. Her skal me samarbeide med ei lita kyrkje med ein visjon om å nå barn og unge i dette området. Her veit me ikkje 100% kva oppgåvene våre kjem til å gå ut på, men me kjem truleg til å halde på med engelsk undervisning, lovsang, møter osb. Så me får forberede oss godt, og så snakke med dei som driv kyrkja kva dei ynskjer når me kjem dit.
Khemmarat ligg ikkje langt frå Laos, så truleg tek me oss ein tur over grensa ein dag også.
Etter dette drar me ned att til Bangkok for å møte Dag og dotter hans. Me skal delta på ei gudsteneste i Bagna Christian Fellowship, der Dag gjekk då han budde i Thailand.
Så skal me vere så heldige å få vere med på den årlege konferansen til Ethnos Asia Ministries.
"EAM's vision is to mobilize the Body of Christ worldwide for ministry to access-restricted nations in Asia. Provide training to national leaders, Bibles and Christian literature. Help meet the physical and material needs of Christians who are persecuted and in very difficault circumstances."
På denne konferansen er leiarar frå ulike undergrunnsmenigheter i 12 ulike land/regioner i Asia samla i Bangkok, for å fortelje om sin misjon, gje kvarandre støtte og oppmuntring. Me vert med for å høyre kva Gud gjer i dei ulike kyrkjene, og for å be for og oppmuntre dei ulike menighetene. Me kjem til å møte så mange flotte folk, med så mange sterke historier, at det nok vert oss som får mest att av dette.
Etter konferansen skal me til Nonthanburi provins rett nord for Bangkok, der me skal ha ein Gospel Campaign og trening for truande. Her vert me med på å ha undervisning/trening, song, og å lede møte for innbyggjarane i Nonthanburi.

Sånn kort oppsummert.
Er veldig rart å snart skal reise og faktisk vere med på alt dette! Det vert så spanande, framand og uverkeleg. Har drøymt lenge å få vere med på Outreach i akkurat Thailand, så då Dag opna for moglegheita til dette så kjende eg at eg måtte svare ja. Eg hadde vorte utruleg takknemlig for forbøn frå dekan her heime i Noreg.

 Be gjerne for:
- tida vår i Khemmarat, at me får god kontakt med dei lokale og når fram med godt budskap
- sjølve møta
- at kampanjebudsjettet for Nonthanburi skal falle på plass
- konferansen og leiarane i EAM
- dei lokale teama der nede
- maks promotering både i sjølve kampanjeomr. og i områda omkring
- at møta skal fyllast med unådde menneske
- etniske Thai
- at Jesus skal dominere alle møta og kvar dag me er der nede
- beskyttelse for oss i teamet; reise, opphald, helse, åndeleg
- for økonomisk bistand til oss som reiser

Hurra! No drar me snart!

tirsdag, januar 11, 2011

Vinter

Eg hoppar frå haust til vinter. Nyttårsføresett i år vert å skrive minst eitt blogginnlegg per månad.

Minioppsummering er som følger:

  Hausten min har vore fin og kort. Brukt mykje tid med denne flotte gjengen med Questarar.  
 
Var ei veke på Mallorca med fineste Kristina. Me duppa på flytemadrass i Middelhavet, klipte oss i Palma, gjekk i dryppsteinsgrotter og åt dessertar. 
Då me kom heim var Trondheim vakker med høstfargar.
 Snøen kom i november. Og den vart verande. (Då er det godt å tenkje på at vinteren for min del stoppar i midten av februar. Då flyg eg med ein gjeng Questarar til Thailand! Hurrasukk frå botnen av hjartet!) 

Jula var anleis men fin. Eg merka av julegåvehandlelista mi at jammen har me mykje slekt og vener. Gleda meg over det. 
Kulturhusopning på Voss = 4 kjendisar (Kari Traa, Arne Hjeltnes, Linda Eide og Lars Sponheim for særskilt interesserte) + 1 porsjon ekte vossasjølvdyrkingsstemning.  
 
 No er me komne vel heim i leilegheita i Trondheim. Eg har vore ein tur på skulen, gitt blod, fått vintermummikopp i premie, sove lang middagslur, spist masse mango. Eivind har vore på forelesning, kjøpt ny gitarforsterkar, strengar og stativ, rydda kjøkken og stove, spelt masse gitar. Me er igang med kvardagen med andre ord.