I byrjinga var der ein blogg. No er der mange. Dette er ein av dei.

fredag, august 31, 2012

Sommaren er kort...

Det meste regna bort. Men eg hugsa jo på å ta fram kameraet innimellom slik at me kan minnast at også denne sommaren hadde solskin og varme. Me byrjer med eit aldri så lite bryllaup for mi gode venninne Kelly og hennar gode mann Mats:





Eg hadde med meg min gode mann Eivind som hadde langt hår og var kjekk i dress.


Etter bryllaupet flaug me heimom Trondheim for å ha eksamenar og ete eksamensfri- og masteroppgåveferdigkake saman med Kristina og Iselin.


Samt for å slå hol i ein pinata på ein meksikansk fest som Karla hadde laga til for veldig veldig mange folk i den vesle leilegheita deira.


Mesteparten av sommaren vår tilbrakte me på Voss der syrinane blomstra og høysåtane anga i sumarnatta.


Eivind hadde sommarjobb og eg var sjåfør. Det vart nokre tidlege morgonar for min del, her illustrert ved tøfler på føtene som resultat av at ei litt småtrøytt Anja gjekk rett ut og satt seg i bilen og køyrde til Vangen utan å sjå ned på beina.


Litt ekstermsportvekekos fekk eg også tid til med mi aller beste Ingebjørg.


Og så vart det jo nokre fjellturar sidan fjella på Voss er dei beste eg veit om.


Ovanfor her kan du sjå raspekakemiddag med kjøt røyka av oss ungdomen i samarbeid med onke Lars ein regntung ettermiddag.


Og ovanfor her kan du altså sjå mi gode besta som lærer bort bakekunstar.


Eg dro ein tur til Poole der det var Lushfest og ein smule regn som biletet over fortel litt om.


Men aller mest var det veldig moro å vere der og lukte på parfymar og såper og sjå på juleproduktshow og høyre fine konsertar og danse i gjørma.


Heime på Voss rakk eg å nyte av litt dyreliv, her i form av to små revungdomar som var nysgjerrige.


Og ein liten kattunge som nettopp hadde fått auge og krafsa og klora både på handa og i hjartet mitt.


Før me så dro til Rethymnon på Kreta og gjekk rundt og utforska gamle fort i solnedgangen.


Og me fekk tid til å berre vere oss to og det var så veldig veldig fint.


Me fekk også tid til å sjå på kunst. Eivind not so impressed.


Og jammen fekk me tid til å dra til denne fjellbyen med romersk historie også.


Og me fann til og med ferskvatn. Sjølv om eg er nokså vant til fossar så er det jo alltid kjekt å sjå ein som ikkje er norsk!


Me fekk tid til å sjå på kyrkjer ute på havet saman med søte damer i hatt...


...å gå att og fram og hit og dit i tronge gater..


...å dyppe snuten i basseng og ikkje minst i salte bølger på stranda...


...og til og med kjøpe pusekort, men då var tida ute så dei brukte me mest på flyturen heim igjen.


Eg fekk ein heil halv dag saman med min beste Jon Anders i heile verda og det var så koseleg!


Eivind hjalp faren med snuing av slått i Haobakkane ein seinsommarkveld.


Og det gjorde eg óg! Og når jobben var gjort så var sommaren over for denne gong. Det er ikkje mange veker sida siste bilete vart tatt, men temperaturen har falt nokre grader sida då og ute byrjer lauva å gulne på trea, så det er vel på tide å ynskje hauste velkomen. Eg har hatt mi fyste veke på masterstudiet i Funksjonshemming og samfunn, medan Eivind har gått to veker på sitt masterstudie i Fysikk. Me er igang og ser fram til endå eit år her i fine Trondheim!



tirsdag, juli 24, 2012

Vår i juli

 Eg er tradisjonen tru ei stund etter med desse blogginnlegga mine. Føler ikkje eg vil hoppe rett over våren heller, så då får sommarinnlegget kome til hausten tenkjer eg. Over her ser de eit oversiktsbilete av Trondheim frå Festningen, samt korleis eg ser ut bakfrå på eit bein.

 I tidlege vårmånader set ein ekstra stor pris på sola og et gjerne vaflar ute i solveggen så ofte anleiinga byr seg.

 Eg er kanina i løypa ved Jonsvatnet.

Frukosttur i Korsvika med Eivind. Eit stykke bak oss sit visst både Kristina og Iselin og slike fine heilt utan at me visste om det før lenge etterpå.

Frukost smakar faktisk 100 gonger betre med ein gong ein går ut av huset.

Her er mine mest vellykka brød til no. Eg og Eivind småkrangla litt om kven som skulle få ete mest av dei. 

 Skorpene frå dei mest vellykka brødene til no vart spart på til me skulle til Nidelven. Men på andeplassen min (ja, den fins) så var det ingen ender og sjå. Eg tykte dette var både merkeleg og kjipt og tusla mutt over Gamle Bybro med tørre skorper i handa. Då fekk eg auge på dette flotte andeparet som eg trur vart særdeles mette på brød beregna på omtrent 15 fleire ender. Liten artig og formodentleg interessant anekdote her altså.

 Påska kom til Lushjobben.

 Og Anja kom til besta. Ingenting skrik meir vår enn lappesteiking ute saman med besta. 

 Eivind var litt sauebonde i nokre minuttar heime hjå foreldra sine, og tok seg særdeles godt ut om eg må sei det sjølv.

Tilbake i Trondheim vakna eg til denne viktige beskjeden ifrå ein pepp morgonkvist-Eivind.

 På biletet over ser de ei særdeles influensasjuk Anja som prøver å få Eivind til å le. Kosegrisen er av tre og står på nattbordet til Eivind etter at han forbarma seg over (les nesten grein seg til) den på eit Kremmerhuset-salg i haust.

Her er musikklagemaskina til Eivind og Vegard som eg syns er ytterst sjarmerande.

Cupcakes på "Henne-kveld" med masse angel feather icing som såg veldig fint ut og smakte heilt ok.

 Fina-Kristina og Fine-Line ved velkomstdrinkane.

Og smått om sen var det allereie tid for 17-mai frukost i Kirkegata.

Og så fest hjå oss på kvelden med eit kamera som svikta litt.

 Men det går iallfall an å sjå dei gjenomførte og fargekoordinerte kleda våre om ikkje anna.

 Og jammen kom tante med min 17-maiheileåretfavoritt Kling.

Det vart feira i eit par dagar etterpå...

...før Solreven og eksamensjaget tok oss atter ein gong.

onsdag, april 25, 2012

11 spørsmål



Hjartesmil har laga ei liste som ho oppfordra folk å svare på. Eg er sjuk og kjeder meg litt, så her er den:


1. om du berre fekk eta éin sak til frukost resten av livet, kva skulle det vera?
Det måtte nok vore mûsli med havregryn, mandlar og gojibær. Sjølv om eg er veldig glad i amerikanske pannekaker med sjokolade i og bær og krem på toppen.
2. reise jorda rundt med dei samme folka resten av livet eller bu i samme hus til du dør?
Eg er ekstremt glad i å reise, men heile livet uten å slå meg til ro hadde vore i meste laget trur eg. Så om huset hadde vore eit slikt koseleg eit, med epletre, stakittgjerde og fin utsikt, så vel eg det.

3. éin sak du skulle ønska at var sunn?
Sukker!

4. regn fire dagar i veka heile året eller aldri meir sjå eit kirsebærtre?
Eg har ikkje sett eit kirsebærtre blomstre endå trur eg, og er veldig van med regn fire dagar i veka. Så eg veit ikkje eg. Litt regn på nasa er alltid fint.

5. din favorittblogg?
Eg trur det må vere Underbara Claras värld.

6. den filmen som du ser når du er heime aleine for helga og du kokar kakao og et knekkebrød eller kjøpepizza til middag?
Enten ein tegnefilm frå Disney, ein gamal norsk klassikar eller ein Tim Burton har regissert.

7. kva er det siste du gjer før du sovnar?
Kysser Eivind.

8. kvifor er din beste venn din beste venn?
Eg har fleire bestevener, og dei er det fordi dei er glad i meg for den eg er uten at eg treng å prestere eller gjere meg til, fordi dei får meg til og le og også ler av ting eg seier, fordi dei tør fortelje meg sanninga, og fordi dei finn på kjekke ting som gjer livet mitt betre.

9. største guilty pleasure?
At eg følger med på mellom 10-15 amerikanske TV-seriar kvar veke. 

10. leva eit liv utan frukt eller aldri få ha gardiner?
Eg må jo ha frukt! Eg kan jo henge opp bananer i vindauget i staden.

11. om du fekk lov til å få ein heilt kroppsdel ekstra, kva skulle det vera og kvar skulle du ha den?
Ein ekstra hjerne som eg kunne hatt på toppen av hovudet under ein svart flosshatt vil eg tru. Der kunne eg lagra kunnskap som er nyttig når ein speler TP, har eksamen og er med på Vil Du Bli Millionær.


Eg utfordrar deg som les til å svare på dei same spørsmåla i kommentarfeltet, eg. For eg orker ikkje laga nye.

onsdag, mars 21, 2012

Vinteren som var

No er det offisielt vår. Dette seier eg a. fordi eg har sett ein hestehov b. fordi eg har gått med småsko c. fordi me er forbi vårjevndøgn og d. fordi eg er sjef og vil det skal vere vår. Og i den anleiing så oppsummerer eg vinteren som var. Den besto blant anna av dette:

 Eit stykk Ingebjørg på kafé like før jul.

 Eit par kaninøyrer på Jon Anders sin telefon.

 Eit juletre heime hjå min far.

 Å leike nøttenese saman med Eline i romjula.

 Å klemme godaste besta som gjer dei aller varmaste klemmane.

 Å gå tur i Korsvika kvar gong det er sol nesten.

 Cupcakes baking saman med mine fine.

 Ete cupcakes heilt aleine og få vondt i magen.

 Tur med Kristina på glattis og nysnø.

 Og å ha på seg heilt like jakker berre at mi er blå og Kristina si er grøn.

 Å ha fredagskosekveldar og fine folk på besøk som gjerne drikk te.

 Å posere saman med ein boks Sympathy for the Skin og ikkje få til nokon fine bilete i det heile.

Få samle litt familie på tur heim til Voss faktisk.
Å ha to skjønne amerikanarar på overnatting og ein heil gjeng entusiastiske i byen.